VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I ÅLESUND

Vedtekne av Ålesund kyrkjelege fellesråd fastsatt 18. juni 2019, med heimel i Lov av 7. juni 1996 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) § 21, første ledd. Godkjent av Møre bispedømmeråd.

Gjeld frå 1.1.2020.

 

§1 FORVALTING

1.1. Ålesund kyrkjelege fellesråd har ansvar for gravplassane i Ålesund kommune, og desse vedtektene gjeld for alle gravplassane i kommunen.

1.2. Forvalting blir gjort i samsvar med Lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdslova) av 7.juni 1996 nr.32, og Forskrift til gravferdslova, gjeldande frå 01.01.1997.

 

§2 DEFINISJONAR

Gravplassforvalting: Ålesund kyrkjelege fellesråd i kraft av sitt forvaltingsansvar for gravplassane i Ålesund kommune, jf. gravferdslova med forskrifter.

Fri grav: Grav som gravplassforvaltinga har tildelt ein avdød person frå kommunen som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.

Festa grav: Grav som blir festa mot betaling av avgift.

Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.

Urnegrav: Grav til askeurne med plass til fire urner, jf. Gravferdsforskrifta § 14. Dette gjeld ikkje § 5 Namna minnelund der urnegrav er å forstå som grav med plass til ei urne.

Kistegrav: Grav i samsvar med forskrifta sine krav til størrelse for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggast urner.

Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan brukast på nytt til ny gravlegging.

Festetid: Tida det er avtalt å feste ei grav for.

Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav.

Festar: Den som står som part i ein festeavtale.

Anonym minnelund: Gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha eit felles minnesmerke utan opplysninger om kven som er gravlagt.

Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagt der.

 

§3 VAL AV GRAVPLASS

3.1. Ein person som ved dødsfallet var busett i Ålesund kommune, kan gravleggast på den gravplassen ein ønskjer i heile Ålesund kommune.

3.2. Ein person som på grunn av sjukdom eller alderdom har vore busett i ein annan kommune mot slutten av livet, kan gravleggast på festa gravplass i Ålesund utan kostnad.

3.3. For andre personer utan bustad i kommunen kan fellesrådet etter søknad tilvise grav, mot betaling av avgift for gravlegging og i tillegg festeavgift for heile fredingsperioden på 20 år. Festar av grav, busett utanfor kommunen, skal utan særskilt søknad kunne gravleggjast i grav ho eller han var festar for, når den ansvarlege for gravferda ønskjer det.

3.4. Festar av grav har rett til å bestemme kven som skal gravleggjast i grava.

3.5. Gravlegging kan først skje etter at krav om gravlegging er mottatt, jfr. gravferdslova §§ 9, 10, 11 og 12. 

3.6. På Vestre kirkegård, Nordre kirkegård, Skodje namna minnelund og  Moa urnelund kan det  berre gravleggast askeurner. 

3.7. Urner blir sett ned  heile året,  og helst innan 4 veker etter gravferdsseremoni. 

 

§4 FREDINGSTID OG FESTETID

4.1. Fredingstid for urnegraver og kistegraver er 20 år. Det kan vedtakast lengre fredingstid for enkelte graver. Festetida er 10 år.

4.2. Urne kan setjast ned  i kistegrav i fredingstida. 

 

§5 FESTE AV GRAV

5.1. Feste av gravstad kan berre gjerast i samband med dødsfall.

5.2. Når festetida er ute, kan grava eller gravstaden festast for nye 10 år mot betaling av festeavgift. Når det er gått 80 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan etter særskilt løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Festaren skal varslast i god tid før  festetida er ute. Er festet ikkje fornya  6 månader etter at festar har mottatt varsel,  fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.

5.3.  Festaren har plikt til å melde frå om adresseendring.
 

 

§6 MINNELUNDER

6.1. For graver i namna minnelund gjeld same regelverk som for vanlege urne- og kistegraver. Dette gjeld fredingstid, fornying av feste og festeavgift. På namna minnelund er det høve til å feste ei grav ved sida av den første urnegrava.    Pårørande kan delta på vanleg måte under urnenedsetjing. 

6.2. I namna minnelund blir avdøde sitt namn,  fødsels- og dødsår ført på ei namneplate.

6.3. I namna minnelund må ein betale for minneplate og for del av felles beplantning , og det må betalast  festeavgift.

6.4. I anonym minnelund kan grav ikkje festast. Gravene har vanleg fredingstid på 20 år. 

6.5. Både namna og anonym minnelund har felles beplantning som blir stelt av dei tilsette på gravplassen. Det er ikkje høve til å setje blomster eller andre ting på sjølve grava. Det kan setjast avskårne blomster eller lys framfor det felles minnesmerket. 

 

§7 GRAV OG GRAVMINNE

7.1. Ved åpning av grav kan jordmasser mellombels leggast på nabograver og gravutstyr flyttast. Dei tilsette på gravplassen vil så til og planere grava, med unntak av gravstad med innramming. 

7.2. Dei tilsette på gravplassen har ansvar for å fylle etter masse når det vert sig i gravene. Festar eller ansvarleg for fri grav har ansvar for å rette opp gravminne som står skeivt som følgje av sig i grava. 

7.3. Ved gravlegging av kiste bør montering av gravminne tidlegast skje 6 månader etter 
gravlegging. I mellomtida kan det setjast opp eit merke med avdøde sitt namn. 

7.4. Festar eller ansvarleg for fri grav har rett til å setje gravminne på grava. Det skal i regelen berre vere eit gravminne på kvar gravstad, men Ålesund kyrkjelege fellesråd kan i særlege tilfelle gjere unntak frå dette.   

7.5. Festar av gravstad eller ansvarleg for fri grav er eigar av gravminnet og ansvarleg for 
at det vert sett opp i samsvar med gjeldande reglar. Gravminne og anna varig utstyr skal godkjennast av fellesrådet før oppsetjing. Søknad vedlagt mål, samt teikning/bilde, også av eventuelle dekorgjenstandar, skal sendast til fellesrådet for godkjenning. Gravminnet vert automatisk godkjent dersom det er i samsvar med gjeldande forskrift og vedtekt. 
Særbestemmelse for Moa urnelund: På Moa urnelund kan gravminne ikkje være høgare enn 50 cm, breiare enn 40 cm og tjukkare enn 30 cm. 

7.6. På ny festa gravstad på nytt eller omregulert felt  skal gravminnet plasserast sentralt i bakkant av første grav, og blir ståande der i heile festetida. Det same gjeld på andre gravplassar der  dette er innarbeidd praksis.  På felt som er tatt i bruk, og der eksisterande gravminne er plassert sentralt i bakkant av gravstaden, blir nye gravminne også montert på denne måten. 

6.7. Utstyr og dekorgjenstandar må ikkje vere til hinder for gravplassen si vanlege drift. Dersom det skjer, kan  Ålesund kyrkjelege fellesråd  utan varsel fjerne slikt utstyr og dekorasjonar. Minnesmerke med dekorgjenstandar er dei pårørande sitt  ansvar. Ålesund kyrkjelege  fellesråd har ikkje ansvar for gravminne og dekorgjenstandar som blir skadd eller øydelagt ved naturhendingar, hærverk eller tjuveri. 

7.8. Gravminne som vert sett opp utan å vere godkjent og som ikkje er i samsvar med regelverket, kan etter gitt frist bli fjerna av fellesrådet. 

7.9. Gravminner skal være forsvarleg sikra, jfr . Gravferdslova si forskrift §24. 

7.10. Gravminne og anna gravutstyr som er i forfall, på annan måte er skjemmande eller som kan vere farleg, kan fjernast av fellesrådet . Før dette skjer,   skal  ansvarleg for gravstaden/festar for gravstaden om mogeleg varslast, og få pålegg om å rette opp forholdet innan ein rimeleg frist.  Dersom dette ikkje blir gjort, kan gravminnet leggjast ned og eventuelt fjernast.

 

§8 PLANTEFELT

8.1. Framfor gravminnet kan det opparbeidast eit plantefelt eller leggjast ei steinplate med hol til planter, i høgde med bakken omkring. Plantefelt eller steinplate må ikkje være breiare enn breidda på gravminnet, og kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm målt frå gravminnet sin bakkant. Innramminga utgjer då ein del av plantefeltet.

8.2. Det skal ikkje plantast vekster som er høgare enn gravminnet, eller går ut over plantefeltet. Dei tilsette på gravplassen kan fjerne beplanting som er i strid med vedtektene. 

8.3. Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt skåren steinkant som er i høgd med terrenget omkring. 

8.4. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet. 

 

§9 PLANTEMATERIALE

Planter, kransar og liknande material som blir brukt ved gravferd eller ved pynting av grav, skal kunne komposterast.

 

§10 STELL AV GRAV

10.1. Den som festar eller er ansvarleg for ei grav eller ein gravstad, har rett og plikt til å stelle den grava ein har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert beplanta og stelt, skal tilsåast av den ansvarlege eller blir tilsådd av dei tilsette på gravplassen. 

10.2. Ålesund kyrkjelege fellesråd kan etter avtale utføre planting og stell av grav. Betaling kan skje ved årleg faktura eller trekk frå tidlegare innbetalt gravlegat. 

 

§11 GRAVLEGAT

11.1. Det er ikkje lenger høve til å opprette gravlegat, eller betale inn pengar til eksisterande legat. Tidlegare inngåtte avtalar om gravlegat vert vidareført så lenge det er midlar i legatet. Etter inngått avtale og innbetaling av eit beløp frå ansvarleg for fri grav eller festar, har fellesrådet overtatt ansvar for planting og stell av grava. 

11.2. Gravlegatet vert forvalta av kyrkjeverja. Det har i kvart enkelt tilfelle blitt oppretta ein legatavtale. Skulle det vere midlar igjen av legatet når avtalen vert avslutta, vert desse brukt av kyrkjeleg  fellesråd til felles beplanting på gravplassane. 

11.3. Gravlegat vert forvalta felles, men det vert ført eige regnskap for kvart legat. Regnskapet vert revidert kvart år. Det er høve til å regne provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidlane. 

11.4. Festeavgift kan ikkje trekkast frå legatet. 

11.5. Innbetalte midlar til legat vert ikkje betalt tilbake med mindre det vert påvist  grovt avtalebrot frå fellesrådet. Tilbakebetaling kan ikkje bli gjort til andre enn til den som har oppretta legatet. 

 

§12 BÅREROM

12.1  Fellesrådet disponerer fleire bårerom. Romma skal berre nyttast til å ta vare på døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgang utan løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykke frå den som er ansvarleg for gravferda.

 

§13 NÆRINGSVERKSEMD

13.1. Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen, skal ha løyve til dette frå Ålesund kyrkjelege fellesråd. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver. 

13.2. Dei tilsette ved gravplassane kan ikkje mot betaling utføre tenester for private eller næringsdrivande. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med gravplassen å gjere. 

13.3. Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje i normal arbeidstid (7:30-15:00) og må ikkje utførast på laurdagar, søndagar, helgedagar eller offentlege høgtidsdagar. 

13.4. Tenester som den næringsdrivande ønskjer vert utført av fellesrådet sine tilsette, kan bestillast  gjennom fellesrådet sin  administrasjon. 

13.5. Næringsdrivande må rette seg etter gjeldande lov, forskrift og vedtekter for gravplassane, og må sjølv fjerne alt avfall og overskotsmasse i samband med det arbeid dei utfører. Løyve  kan trekkjast  tilbake dersom den næringsdrivande ikkje rettar seg etter bestemmelsar og vilkår i løyvet. 

 

§14 ORDEN OG VERDIGHEIT

14.1. På gravplassane skal det vere ro og orden. Hundar skal førast i band. Små born må ha følgje med og vere under tilsyn av vaksne. 

14.2. Privat bilkøyring på gravplassen er berre godkjent for å lette tilkomsten for rørslehemma. All køyring skal skje ekstra forsiktig. 

14.3. Visne blomster, kransar og anna avfall skal leggjast på tilvist stad eller fjernast frå gravplassen. Gravplassen sin reiskap og utstyr som vert brukt til vatning og planting, skal setjast  tilbake på plass etter bruk.

 

§15 ANSVAR FOR SKADE

15.1 Ingen må gjere skade på gravstadar, beplantningar eller andre anlegg på gravplassen. Skade som vert påført andre sin eigedom, skal reparerast av den som er skuld i skaden. Dersom dette ikkje skjer, kan forholdet bli anmeldt. 

15.2. Ålesund kyrkjelege fellesråd tek ikkje på seg  oppbevaring av eller ansvar for gravminner eller anna gravutstyr. 

 

§16 DISPENSASJON FRA VEDTEKTENE

Spørsmål om gravplassane eller forhold på desse som ikkje er nemnt i vedtektene, vert avgjort av fellesrådet. I særlege tilfelle kan fellesrådet  godta  avvik frå vedtektene.